Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2011

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Sildball-dag på Nordvik

Sildball-dag på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk «mann av huse» for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg «ballfole» denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at […]

Les heile saka

Kultur i april

Kultur i april

Elinor Bolme Laurdag 26. mars 2011

April blir ein kulturell månad på Surnadal kulturhus i følge den siste kulturfoldaren. Det startar allereie med konsert fredag 1. april. Då kjem spellemannprisvinnar 2011; Unni Boksasp Ensemble. Dagen etter, laurdag 2. er det Kulturskulen som inviterer til kaffekonsert i Foajeen, medan hornmusiken feirar 115 års jubileum helga etter.

Les heile saka

Nye bygdebøker på gang

Nye bygdebøker på gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Surnadal kommune arbeider med å gi ut nye bygdebøker for alle grendene. Først ute er området frå Åsbøen til og med Todalen, fortel prosjektkoordinator Siv Snekvik.  Den kommunale bygdeboknemnda samarbeider med Todalen historielag i arbeidet med å samle inn opplysningar frå grendene, og har 7 grendekontaktar til å hjelpe seg. Det blir sendt ut spørjeskjema til […]


Ny pensjonsreform

Elinor Bolme Laurdag 26. mars 2011

I anledning den nye pensjonsreformen som trådde i kraft 1. januar 2011, ønsker Surnadal Sparebank alle interesserte velkommen til eit ope informasjonsmøte i bankens lokale tirsdag 5. april.


Trøbbel i Hauabrekka

Trøbbel i Hauabrekka

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

På den glatte nysnøen i ettermiddag var ein semitrailer uheldig og hamna utfor vegen. Han var komen opp til Rossåbrua da han mista fart og fikk stopp. Dermed måtte han ned igjen, og det gikk ikke bra på glatta. Tralla hamna i grøfta, og dermed kom han verken fram eller att, og måtte tilkalle redningsbil.

Les heile saka

Halsesamlinga – nye vedtekter

Halsesamlinga – nye vedtekter

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

Etter at Halsesamlinga no er lagt inn under historielaget har vedtektene vorte endra. Todalen.no har fått tilsendt dei nye vedtektene frå Todalen historielag, og har lagt dei ut til gjennomsyn.  Her kan du laste ned vedtektene for Halsesamlinga som PDF-dokument. Todalen historielag har gjort vedtak om at Halsesamlinga skal flyttast til biblioteket i Todalen oppvekstsenter med […]


Balldag på laurdag

Balldag på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

Er du «furkunn» på eit sildballmål, så er Nordvik forsamlingshus staden førstkomande laurdag. Kl 14.00 startar salget av sildball av beste oppskrift, fortel Sverre Kjølstad i Nordvik grendalg. I fjor vart dei utselt på tampen av dagen, men i år har dei sikrar dei med å auke mengda med 50% prosent. Så sjølv med eit […]


Give me 5 gav alt!

Give me 5 gav alt!

Elinor Bolme Torsdag 24. mars 2011

I kveld var alle 5. klassingane i kommunen samla i Storstua på Surnadal kulturhus med konserten Give me 5. Salen var fullsett, med ekstra sittepassar då pågangen vart retteleg stor. Give me 5 er eit kulturelt satsningsområde på andre året i kommunen, der 5. klassetrinnet samarbeider med ein kjendt artist.

Les heile saka

Kafékonsert med Tordenskjold

Kafékonsert med Tordenskjold

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2011

Onsdag kveld gjesta Tordenskjold Nordvik forsamlingshus med sin kafekonsert. Eit trettitals tilhørarar som hadde funne vegen til forsamlingshuset, fikk full uttelling for kvelden med flott korsong krydra med visesong og triveleg samvær. Repertoaret for Tordenskjol spente fra norske folketonar, via europeiske og amerikanske tonar til allsong i lag med koret. Tordenskjolds dirigent Elin Persson klarte å binde programmet godt saman med sine muntre forteljingar, og varierte med å traktere piano til og bruke Elin Blomstrøm på gitar til songen.

Les heile saka

Terminlister G14 og G16

Terminlister G14 og G16

Elinor Bolme Onsdag 23. mars 2011

Da skal noen av terminlistene for fotballsesongen 2011 være klare for publisering. Dette gjelder nå i første omgang G14 og G16 G14 2. div avd 2: HER G16 1. div:  HER 

Les heile saka

Nye toalett i Ungdomshuset

Nye toalett i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2011

Da ungdomshuset vart oppussa til «Det store jubileumsåret» i 2008, vart det ikkje gjort noko med toaletta i kjellaren. Dels på grunn av økonomi, men også på grunn av at det vart for kort tid til skikkeleg planleggjing. No er arbeidet i gang, og snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, sammen med Comfort Surnadal starta tysdag 22. mars. Det blir no 3 toalett i kjellaren, der det eine blir godkjent for handikappa, fortel husformann John Moe i ein e-post til Todalen.no.

Les heile saka

Med Johan til Birken

Med Johan til Birken

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. mars 2011

Vi har tidlegare hatt innslag om Johan Kvendset som gikk Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer forrige helg. Han vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år), og det synes vi er ein flott prestasjon. Vi har mangla bilde frå løpet, men no har vi fått nokre bilde frå Gisle Haugen som var der saman med resten av familien for å servere spesiallaga havresuppe. Og det gjorde susen!

Les heile saka