Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2010

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.


NorgesCup på Kårvatn i januar

NorgesCup på Kårvatn i januar

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. desember 2010

Det blir ny runde med norgescup i skialpinisme på Kårvatn 15. – 16. januar neste år. Todalen Idrettslag fikk fornya tilliten etter det vellukka arrangementet sist vinter og dermed er det klart for ny runde i januar 2011, fortel ledar i Todalen I.L., Nils Ove Bruset. Det er no klart at det blir individuell konkurranse laurdag 15. januar, og fortsett med lagkonkurranse søndag 16. Det kjøres Norgescup begge dagane, og på bakgrunn av resultata frå Kårvatn vil det bli uttak til VM i Italia i februar.

Les heile saka

Eldremiddagen avsluttar førjulssesongen

Eldremiddagen avsluttar førjulssesongen

Martinus Torvik Tysdag 7. desember 2010

Til orientering avsluttar «Eldremiddagen i Todalen» førjulssesongen med julemiddag på Sanitetshuset førstkomande onsdag. (8. desember). Gamle og nye gjester, også utombygds frå, er velkomne. Gjester du oss berre av og til, eller du kjem for første gong, ver venleg å varsla ein av kokkane på førehand. (Brit, Bodil, Grete, Jorunn). Vel møtt!


Helsing utafrå

Helsing utafrå

Elinor Bolme Måndag 6. desember 2010

Då har vi vore så heldige å fått eit bidrag frå Gjermund Holsæter. Han er til tider ein ivrig skribent for Driva, og no er todalen.no så heldig at også vi har fått tilsendt ei helsing. Redaksjonen tykkjer dette er stas, da det er med på å utvide «tilbudet» vårt. God lesning!

Les heile saka

Fær hæll i mot – med ungdomssatsing

Fær hæll i mot – med ungdomssatsing

Jon Olav Ørsal Måndag 6. desember 2010

Oppkjøringa til julekabareten «Fær hæll i mot» er i full gang. Underhaldningssjef Svein Åge Saksen fortel at programmet tek form no, og øvinga er komen i gong. I år vil vi nok få sjå og høyre både gamle ringrevar, samtidig som mange yngre krefter som er komne med. – Vi er på mange måtar komne i gong med eit lite generasjonsskifte i julerevyen, seier han. Vi har i haust hatt høve til å sjå mange av dei dyktige ungdommane på revyscena, og vi har lika det vi har sett.

Les heile saka

Koseleg førjulsstund

Koseleg førjulsstund

Elinor Bolme Måndag 6. desember 2010

Sanitetshuset vart bortimot fullt i går då det var invitert til Førjulskos med utdeling av Barnas lykkeskilling attåt. Med stort og smått var det nærare 60 stykk som kom på arrangementet.

Les heile saka

Spikarkald novembermånad

Spikarkald novembermånad

Jon Olav Ørsal Måndag 6. desember 2010

Det er sagt at november i år er den kaldaste novembermånaden på over hundre år over heile landet. Det er nok tilfelle i Todalen også, for Jon Bruset fortel at det er det i år har vore 17 dager der han berre har registrert kuldegrader. Kaldaste dagen på Småhjellå registrerte han -13,5 (25.11.). Heile 8 dagar har det vore minimumstemperatur lågare enn -10 grader. Men det har også vore mildvær, for det er registrert 5 dagar uten frost (perioden 1.-7.november).

Les heile saka

Kald julegrantenning

Kald julegrantenning

Jon Olav Ørsal Sundag 5. desember 2010

60-70 små og store todalingar trossa kulda og kom til plassen utafor ICA Todalen for å ta del i julegrantenninga og for helse på nissane som kom ut frå mørkret. Reknar med at det var nissane frå Kvennsetdalen som var ein tur ned i bygda for å sjå om det var snille ungar på Kvennset i år. Presis kl 17 tente lysa på den fine julegrana som PT-utvalget hadde ordna. PT-utvalget sørga også for servering av gløgg og pepparkaker, og det var nok mange som kosa seg med gløggen samtidig som dei fekk varma fingrane på begeret.

Les heile saka

Famntak med ekstrakonsert

Famntak med ekstrakonsert

Jon Olav Ørsal Sundag 5. desember 2010

Tone Søyset Døving og resten av Famtakgjengen kjem til Surnadal kulturhus laurdag 11.12., der dei skal halde to konsertar.  Billettane til den første konserten (kl 18) gikk fort unna, og det var da sett opp ei ekstra forestilling kl 20.00.  Her er det enno ledig billettar, så det er berre å gå inn på nettsida […]


Larris og Vangsgutane i Nationen

Larris og Vangsgutane i Nationen

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. desember 2010

I dag har Nationen slege opp Vangsgutane som illustrasjon i avisas helgemagasin. Her har dei ein omtale om årets julehefter, og kommenterer Vangsgutane sammen med andre gamle og nye julehefte. Dei skriv om Vangsgutane at årets utgåve er ei fortsetting av juleheftet frå 2006, og som stod på trykk første gong i 1956. Dette er supplert med deler av serien som stod i Nynorsk Vekeblad i krigsåra. Sjå oppslaget i Nationen her.

Les heile saka

Gammel skialpinismeside

Ole Petter Talgø Laurdag 4. desember 2010

Invitasjon til Norgescup/ Lifesystems Cup og EM uttak singel, og lagkonkurranse i randonee, og Norgescup i fjelltelemark. Kårvatn i Todalen, lørdag 14/1 og søndag 15/1 – 2012 Last ned invitasjon (PDF) Todalen Idrettslag inviterer til Lifesystems cup i randonee og fjelltelemark lørdag, og lagkonkurranse randonee søndag. Program Lørdag 14. januar 2012 Kl. 10:00 start Norgescup/ […]


Førjulskos med nissegraut.

Førjulskos med nissegraut.

Elinor Bolme Fredag 3. desember 2010

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få ein liten gave. I år har saniteten fornya seg litt, og arrangerer eit lite juleverksted attåt. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.

Les heile saka

Julegrantenning søndag kl 17

Julegrantenning søndag kl 17

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. desember 2010

Førstkomande søndag kl 17.00 er det julegrantenning. Det foregår ved ICA Todalen, og PT-utvalet som er arrangør lokkar med servering av gløgg og pepparkaker. Dit kjem vel også nissen på besøk, og det blir spanande om han har med seg noko i sekken sin i år også? Ta med godt humør og klær til å […]