Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2010

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.


Førjulstid på skulen

Førjulstid på skulen

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Vi har fått ein stemningsrapport fra Dordi Jorunn Halle ved Todalen oppvekstsenter. Der har det vore travle tider med førebuing til juleavslutninga måndag kveld. Men no er alt klart fortel ho i ein e-post til Todalen.no:
«Men vi har både travle og trivelege dagar på oppvekstsenteret før jul: Vi har hatt kunstdag, juleverkstad, adventsamlingar og nissemarsj for SFO og barnehagen. Feiar Jon Nordvik besøkte oss onsdag, han snakka om brannvern som er eit høgaktuelt tema ved juletider. Vi ønskjer alle ei fin førsjulstid!»

Les heile saka

Sonerenn – programmet er klart

Sonerenn – programmet er klart

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Programmet for vinterens sonerenn er klart, melder skigruppa. Det blir 5 sonerenn på «indre», der du finn datoar og arrangør i eit oppsett nedafor: Onsdag 19. januar (kveldsrenn)  ØSIL  – fristil Søndag 30. januar  Todalen IL – Klassisk stil Søndag 6. februar ( i lag med kretsrenn ) Betna IL  – Klassisk stil Onsdag 23. […]


Hektisk innspurt – få billetter att!

Hektisk innspurt – få billetter att!

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Billettane til julekabareten går unna. På flygebladet står det utsolgt på siste framsyninga, men ICA Todalen melder at det på grunn av avbestillingar er nokre få billettar att. Til første framsyninga er det enno rikeleg med billettar att. Først til mølla…!  Plakaten finn du her!


Strengentrekket har starta sesongen

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Redaksjonen har motteke melding om at Strengentrekk AL har opna heisen for sesongen: Det meldes om svært gode forhold! Opningstider: Onsdag og Fredag: 18.00 – 20.30 Søndag:  12.00 – 15.00 Alle er velkomne til ein fin tur i slalombakken!


Romjulsmarsjen – start mellom 12 og 14

Romjulsmarsjen – start mellom 12 og 14

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Trimgruppa i Todalen idrettslag minner om Romjulsmarsjen 3. juledag. Dei oppfordrar til å delta i marsjen som går rundt bygda, der det er registrering av deltakarar på Sandstad og Bruset. Dei oppfordrar folk til å ta på godt med klær og gode fotty for turen rundt bygda. På turen rundt er det høve til bli […]


Kvardagane kjem etterpå

Kvardagane kjem etterpå

Elinor Bolme Fredag 17. desember 2010

Surnadal Velværesenter minner om at etter jul og nyttårshelga kjem kvardagen. Når alle juleselskapa er ferdig kan ofte omstillinga bli stor. Gå inn på heimesida deira for å sjå kva som kan gjerast med det. Her kjem du til nettsida deira.

Les heile saka

Månadens bilete: Frostrøyk

Månadens bilete: Frostrøyk

Ole Petter Talgø Fredag 17. desember 2010

Vinnaren av denne månadens pris blei Frostrøyk, tatt av Kjetil Sogge. Biletet var tydeleg populært, og stakk av med den største prosentdelen av stemmene var har hatt i ei avstemning. Heile 74 av dei 102 avgitte stemmene meinte Frostrøyk var det beste biletet denne månaden.

Les heile saka

Ny bibliotekar

Ny bibliotekar

Elinor Bolme Torsdag 16. desember 2010

I kveld er siste gongen med ope bibliotek i 2010. No har det seg slik at det er Ole Petter Talgø som er vorte tilsett som ny bibliotekar, i allefall fram til sommaren. Det er berre her i Todalen at det enn er ein liten filial, men også denne står no i fare for å bli stengt kan Ole Petter fortelje.

Les heile saka

Juleavslutning på Oppvekstsentret

Juleavslutning på Oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. desember 2010

Måndag 20. desember kl 18.00 inviterer Todalen oppvekstsenter til juleavslutning. Programet for kvelden ser slik ut: Underhaldning v/ungane, allsong, servering, gång rundt juletreet, … og kanskje kjem nissen…?  Sjå plakaten her. Alle er velkomene!


Herretrim onsdag avlyst

Ole Petter Talgø Tysdag 14. desember 2010

Herretrimen på onsdag er avlyst på grunn av juletre og pynting til jul i gymsalen. Den vil starte opp igjen etter jul.


Det blir dametrim i kveld!

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. desember 2010

På bakgrunn av gårdagens avlysing av herretrimmen er det reist tvil om dametrimmen også er avlyst. May Elisabet Holten bekrfter at dametrimmen i kveld vert gjennomført som planlagt, og etterpå er det sosial samling med frukt etc. som avslutning på sesongen.


Triveleg julekonsert i kyrkja

Triveleg julekonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2010

Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.

Les heile saka