Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2000 nye ord og uttrykk

Elinor Bolme Laurdag 6. august 2016

Gode dialektord og lokale uttrykksmåtar er furkunn-stoff for tida. På Facebook og i private ytringar elles ser ein at folk gjerne vil bruke talemålet sitt. Og da har nordmøringar ei gullgruve å ause av! Sia 2004 har Bøfjorden Historielag gjeve ut heftet «Teft og tykkje» i stadig nye og større utgåver. Frå vel 600 oppslag i starten har mengda auka til rundt 2000 i den ferske 2016-utgåva.

Bøfjordspråket var, og er, eit viktig ressursgrunnlag. Men mykje er kome til frå andre nordmørsbygder – ikkje minst Todalen. Både frå Leif Halse og seinare kjelder har historielaget snappa opp fine språkperler.

Brørne Gunnvald (filolog og fagmann) og Bernt Bøe (skribent) er redaktørar for «Teft og tykkje». Og det originale namnet har heftet etter bestefar deira – båtsbyggjaren, fiskaren, fartymannen og AP-politikaren Bernt L. Bøe. Uttrykket tilsvarar «smak og behag«, men seier litt meir – det handlar både om ha «teft» for ei sak, attåt ei vurdering, kva ein bevisst «tykkjer» om den også. Eit døme på at dialektuttrykka ofte er betre enn standardspråket!

Stoffet er både anvendeleg i vår tids daglegtale og viser artige glimt av det reint finurlege. Skikkeleg inntrykk av dette får ein først når ein har samlinga i hendene.

Men til dess kan nokre smaksprøver gjera deg børt. Det bli sjølsagt berre skakkåskyldt og tuppe her på sikasten, men sant for dyden er det mykje å rål-åt-seg inni årets «Teft og tykkje«!

Boka blir å få kjøpt på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden i morgon, og på Notabene i Surnadal etter helga.

GULL c Teft & T 2016 Framside-2

Publisert: 6. august 2016, 17:00