Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

11-takker for Kristoffer, men elles lite å sjå

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2015

Kristoffer var dagens mann på Talgø og Kårvatn jaktlag da han felte ei 11-spiring under jakta søndag. Det skjedde i Skrøåsvalia, utafor Storsvaet i retning Talgønebba, og Kristoffer fikk tak på kronhjorten under jaginga. Ein hjort til vart observert under jaginga, med den glapp forbi jagarane.

Slaktargjengen_3235

Her er gjengen i gang med slaktinga etter at hjorten er frakta ned til Talgø gard. Foto: Jon Olav Ørsal

Laurdag vart resultatet ein elgkalv, men elles var det lite å sjå. Det har og vore jakt på sørsia av dalen og i Kvennsetdalen i helga men etter rapportane vi har fått så har det ikkje vorte så mykje resultat av helgas jakt. På sørsida vart det ei kolle og ein bukk i dag – men dei melder om rekordeltaking i dagens jakt, da heile 21 store og små jegrar av begge kjønn deltok, melder Håvard Halset. Halle og Husby har hatt frihelg, men fikk ein elgokse i Romådalen forrige helg.

 

Publisert: 27. september 2015, 19:08